onsdag 28. januar 2009

Forskningsprosjekt på Ullevål

Onsdag 28/1 deltok eg på eit forsøk på Ullevål. Studien prøver å finne ut om det er mulig å få emboli (luft i blodbanen) som eit resultat av lungepakking. Ein del fridykkarar har opplevd symptom som dei fleste har meint er trykkfallsyke. Her er teorien at dette kanskje kan skuldast luft som siv ut frå lungene som følge av pakking.

For meg så begynte dagen med at me skulle ta ein spirometri der dei målte lungevolumet (VC) med og utan pakking. Resultatet blei 5,3l utan og 7,0l med pakking.
Etter det var det rett på ei sjukeseng og anestesilegen sto over meg med ei monsternål. Først stakk han nåla inn i ei vene (blodåre) i albuen. Så førte han ein plastbelagt metallvaier inn i den samme vena (blodåre), vidare opp gjennom overarmen og inn i hjertet! Og når han kom dit, kjente eg det faktisk. Eg fekk eit ekstra hjerteslag faktisk.

Etter mykje stikking og kobling var det avgårde til radiografane som skulle ta CT av meg. Så der låg eg då med slangar stikkande ut frå armane, ein målar på hånda, og ein lege som tok ultralyd av brystkassa medan eg fekk beskjed om at eg snart skulle byrje å lungepakke. Så etter ei lita stund låg eg der og holdt pusten medan CT-maskina gikk og Ove frå hjertekirurgen tok ultralyd av meg. Etter 3:30min pusta eg ut og dei hadde alt dei trengte frå meg. Dei hadde ikkje oppdaga noko luft på avvegar i kroppen min.

tirsdag 27. januar 2009

Endeleg ein trenar

Etter å ha trent ei stund utan noko særleg kyndig veiledning dukka det opp ein moglegheit til å få eit treningsopplegg med ei av verdas beste kvinnelege fridykkarar. Ho heiter Kathryn McPhee og held til på New Zealand. No er det dynamisk utan finner (DNF) eg er mest interessert i og difor er det lovande å bli trent av ei som har verdsrekorden i DNF. Sidan ho bur på andre sida av jordkloden vert dette eit opplegg som går via INTERNETTET!! Me har bl.a videosamtalar på skype ein gong i veka og så lastar eg opp videoar frå treningar som ho kan gje tilbakemeldingar på. 

Sidan eg aldri har helde på aktivt med svømming eller gått på kurs reknar eg med at ho kan hjelpa meg mykje med å forbedra teknikken min. 

Mi første oppgave frå Kathryn var å gjera eit maksimumsforsøk utan oppvarming. Dette grua eg meg til. Når ein utelet oppvarminga vert dykket som regel endå meir ubehageleg enn det vanlegvis er. Eg hadde mine tvil denne gangen sidan eg berre har vore i basseng ein gang på 5 veker. Likevel så gjekk det over alle forventningar. Min gamle uoffisielle rekord frå trening var på 160m. Denne vart forbedra til 176m på mandag. Her er videoen frå Youtube:

http://www.youtube.com/watch?v=ijwf1_g4s7o