torsdag 25. desember 2008

AIDA Dommarkurs 21.12.2008

Det blei arrangert AIDA dommarkurs i Oslo 21.desember. Martin Müller frå AIDA-Tyskland heldt kurset og me var i alt 6 deltakarar. Frå Oslo Fridykkerklubb deltok Roman Brüning, Georgios Vourtianis, Steinar Schjager i tillegg til meg sjølv. Elisabeth Kristoffersen tok turen frå Gjøvik og Trond Klimek reiste hit frå Bergen. Me starta dagen kl 09.00 med nokre timar teori før me drog avgarde til Lambertseter bad og hadde ein runde med praktisk opplæring. Etter nokre timar i bassenget og ca 15 vafler satte me kursen tilbake til Oslo sentrum. Etter middag tok me ein ny runde teori før me avslutta med ein prøve. Resultatet her blei at alle deltakarane bestod kurset og Norge har no fått 6 nye dommarar. Dette kjem til å bety svært mykje for sporten i Norge. No kan me jo arrangere konkurransar på eiga hand og kanskje og få til tidenes første Norgesmesterskap i fridykking. Me kan og godkjenne nasjonale rekordar. Så for den delen av fridykkarmiljøet som likar å konkurrera og prøva seg på nye rekordar er dette svært positivt.


torsdag 11. desember 2008

Nordic Deep august, 2008

Så var det tid for min andre konkurranse og som vanlig var eg veldig spent. 41 deltakarar frå heile verden. Sør-Afrika, Russland, Sverige, Danmark, Tsjekkia, Finnland, Tyskland, Nederland og Norge var repressentert. Iløpet av sommaren hadde eg brukt mest tid på trening i sjøen og hadde ingen store forventningar til bassengøvelsane.Eg gleda meg virkelig til å få prøvd meg på djupet. Før sesongen begynte hadde eg berre dykka til 30m. Eit resultat som ikkje er noko å skryta av. Etter å ha fått litt meir trening og noko nytt utstyr dykka eg til 39m fleire gonger på trening. Nokre månader seinare gjorde eg 48m på eit kurs, og var veldig fornøyd med resultatet. For dei fleste fridykkarar er det ei stor barriere å dykka djupare enn 30-40m. Når ein skal djupare enn det får ein store utfordringar med trykkutjemninga. Det at eg klarte 48m viste at eg beherska denne teknikken. Ihvertfall til ein
viss grad.

Å konkurrera i dybdedisiplinane ga meg mange utfordringar. I tillegg til alt anna måtte eg tenke på alt utstyret mitt og ikkje minst det å halde meg varm nok. Det er ein stor fordel å bruka så tynn drakt som mogleg, men til gjengjeld er det større sjansar for å bli nedkjølt. Det kan visa seg å vera svært negativt. Medan eg vanta på land brukte eg ei tjukk dunjakke utanpå våtdrakta. For å kunne utligne så enkelt som mogleg så valgte eg å bruke naseklype og svømmebriller fylt med saltvann. Eg såg ikkje så godt, men eg kunne utligna trykket utan å bruka hendene. Eg brukte og ei nakkepute for å kunne ligga på ryggen og slappa heilt av. Sjølv om det føltes litt tungvint på overflata så fungerte det veldig godt under konkurransen. Eg annonserte at mitt første dykk skulle vera til 46m. 2m mindre enn min personlege rekord. Dykket gikk ok reint teknisk, men var langt frå bra. Likevel kjentes det ut som eg hadde mykje meir å gå på. Neste dykk bestemte eg meg for å ta godt i, og annonserte eit dykk til 56m.


Før dykket til 56m varma eg opp med eit par grunne dykk før eg fylte brillene med saltvatn og venta på tur. Då det blei min tur låg eg berre på ryggen og flaut. Det er ein veldig behagelig måte å ligge på før ein skal dykke. Så blei eg ført bort til bunntauet og festa til det. Eg fikk og ein dybdemålar på håndleddet. Så begynte nedtellinga. Eg kjente meg veldig spent, men var og veldig fokusert. Når det var 20 sekundar igjen pusta eg djupt inn for siste gang og begynte med lungepakkinga. Når nedtellinga kjem til 0, eller Official Top, har ein 10 sekundar på å få ansiktet ned i vatnet. Eg kom meg fint avgårde og begynte å svømme nedover. Utlikninga gjekk kjempefint. Etter ei stund slutta eg å svømme for å sjekke om eg var begynt å synke. Eg måtte ta eit par tak til før eg kunne slutte heilt å svømme og berre synke nedover. Det er slik at på eit djupt dykk, så mister ein oppdrift i både drakt og lunger på veg nedover. Dette gjer at når eg har nådd 25m dybde så synk eg ganske raskt nedover utan å bevege meg. Dette gjorde eg på dette dykket og eg kunne berre fokusere på å utligne. På ca. 40m husker eg at eg tenkte at no blei det jammen mørkt og kaldt her. Rett etter kunne eg skimte bunnplata. Eg visste at eg måtte ned der og få tak i ei lita brikke for å få godkjent dykket. Eg fikk med meg ei brikke og begynte å svømme oppover. Kraftig til å begynne med og roligare etter kvart. Det virka som om det var langt opp igjen. Rett før overflata slutta eg og svømme og tok av meg svømmebrillene. Eg kom opp, trekte pusten og viste til dommarane at eg var OK. Dykket blei godkjent og eg hadde satt personlig rekord med 8m. Eg var høgt oppe lenge etter dette dykket.

Så til det som skulle bli den store overraskelsen for meg. Nemlig bassengøvelsane. I statisk klarte eg 5:32min som eg var veldig fornøyd med. Det nest beste eg har gjort noken gang. Men det er i Dynamisk utan finner at eg har gjort det best i forhold til andre utøvarar. Utan store forhåpningar forbedra eg norgesrekorden min frå 125 til 140m. Dette blei ein av dei lengste i heile konkurransen. Siste dagen blei det avgjort at eg skulle svømme ein finale med to andre utøvarar. Som vanlig blei eg veldig spent og følte meg uvel. Likevel blei det ein svært positiv overraskelse og eg svømte 152m i Dynamisk utan finner. Dette var det tredje lengste som var svømt i heile 2008 i verden.

Konkurransen var ein veldig positiv opplevelse for meg. Eg blei kjent med mange fridykkarar frå ulike land som Russland, Sverige, Danmark, Finnland, Tsjekkia, Sør-Afrika, Tyskland og sikkert endå fleire. Av 34 mannlige utøvarar blei eg rangert som nr 6 sammenlagt. Her kan du sjå ein video av meg i DNF-finalen når eg svømmer 152m. http://www.youtube.com/watch?v=ZAdEQqUjaRg