tirsdag 21. oktober 2008

Aarhus Triple Challenge 30/5-1/6 2008

Dette skulle bli min første fridykkarkonkurranse og eg var veldig spent. Med eit navn som Aarhus Triple Challenge skulle ein kanskje tru at konkurransen blei halden i Aarhus, men slik var det ikkje i år. Istadenfor vendte eg nasen mot Silkeborg som i likheit med Aarhus ligg i Danmark. Etter ein flytur og tre forskjellige tog var eg framme. Heldigvis såg eg eit kjent ansikt då eg kom fram. Elisabeth Kristoffersen skulle i likheit med meg delta i konkurransen. Ho er opprinnelig frå Gjøvik, men studerer i Danmark. Etter å ha registrert meg og vist legeattesten var det berre å begynne å gjere seg klar for den første øvelsen.
Eg prøvde å slappe av så mykje som mulig, men det viste seg å vera vanskelig å få pulsen ned til eit normalt nivå. Eg satte meg i enden av svømmehallen og mp3-spelaren min fekk gjera nytte av seg. Etter litt oppvarming var det min tur og eg skulle delta i min første konkurranse. Eg visste at det lengste ein norsk utøvar har svømt i denne disiplinen var 108m. Sjølv om det er ein dame- og ein herrerekord er det Elisabeth som svømt lengst i Norge. På trening følte eg at 108m var greit, men i ein konkurranse er det fleire utfordringar. Men eg kom meg avgarde til rett tid og alt kjentes bra ut. Etter ca 50m kom dei første kontraksjonane og det er normalt. Rundt 75m kjentes det som verst, men eg stoppa ikkje før eg nådde 125m. Merkeleg føltes det lettare heilt på slutten. Eg fekk kvitt kort frå dommaren og var veldig fornøyd. No kunne senka skuldrene litt. Ein norgesrekord høyres fint ut, men sporten ber endå preg på at det ikkje er mange aktive utøvarar. Det som likevel gjer dette artig er at mange har eit forhold til det å halde pusten og å svømme under vatn og dei fleste har prøvd det. Undervannssvømming blir jo også flittig brukt i ulike opptaksprøvar av både Politiet, forsvaret og ein del brannvesen.

(Her er eg godt igang med å svømme 125m i disiplinen Dynamisk uten finner)

Lørdag og søndag var konkurransen i eit utendørs 50m-basseng. Då skulle eg gjere statisk og dynamisk. Statisk blei ein utfordring utan drakt i 26`C, men 5min12sek var eg kjempefornøyd med. På søndag skulle eg prøve dynamisk med finner. I norsk sammenheng så er jo Elisabeth i ein klasse for seg med ein norgesrekord på 174m. Herrerekorden derimot var på 135m og var satt av Thomas Grindevoll. Han er jo ein erfaren utøvar og har oppnådd imponerande resultat i bl.a konstantvekt. Sjølv om dynamisk ikkje er favorittdisiplinen til Thomas føltes det bra å slå rekorden hans. Eg endte på 144m.

(Her er eg akkurat ferdig med å svømme 144m i DYN)

Turen til Silkeborg var ein svært god erfaring for meg. Og når det meste i konkurransen gikk over all forventning var dette ein suksess. I tillegg fekk eg snakka med andre utøvarar om fridykking og alt mulig anna. Her var det alt frå nybegynnarar som meg, til verdensrekordholdarar. Grillmåltidet på lørdagskvelden var eit høgdepunkt og stemningen var svært god.


Ingen kommentarer: