onsdag 28. januar 2009

Forskningsprosjekt på Ullevål

Onsdag 28/1 deltok eg på eit forsøk på Ullevål. Studien prøver å finne ut om det er mulig å få emboli (luft i blodbanen) som eit resultat av lungepakking. Ein del fridykkarar har opplevd symptom som dei fleste har meint er trykkfallsyke. Her er teorien at dette kanskje kan skuldast luft som siv ut frå lungene som følge av pakking.

For meg så begynte dagen med at me skulle ta ein spirometri der dei målte lungevolumet (VC) med og utan pakking. Resultatet blei 5,3l utan og 7,0l med pakking.
Etter det var det rett på ei sjukeseng og anestesilegen sto over meg med ei monsternål. Først stakk han nåla inn i ei vene (blodåre) i albuen. Så førte han ein plastbelagt metallvaier inn i den samme vena (blodåre), vidare opp gjennom overarmen og inn i hjertet! Og når han kom dit, kjente eg det faktisk. Eg fekk eit ekstra hjerteslag faktisk.

Etter mykje stikking og kobling var det avgårde til radiografane som skulle ta CT av meg. Så der låg eg då med slangar stikkande ut frå armane, ein målar på hånda, og ein lege som tok ultralyd av brystkassa medan eg fekk beskjed om at eg snart skulle byrje å lungepakke. Så etter ei lita stund låg eg der og holdt pusten medan CT-maskina gikk og Ove frå hjertekirurgen tok ultralyd av meg. Etter 3:30min pusta eg ut og dei hadde alt dei trengte frå meg. Dei hadde ikkje oppdaga noko luft på avvegar i kroppen min.

3 kommentarer:

Anonym sa...

uhg,.. hørtes ubehagelig ut

Anonym sa...

wow, det hørtes utrolig spennende ut! Slangen i hjertet må ha vært litt av et kick:) Vet du om de skal teste mange og hvor eventuelle resultater blir publisert?

Bjarte sa...

Det var ein litt spesiell følelse, ja. Dei har eit håp om å få testa 12 personar. Det trur eg personleg er ei litt urealistisk målsetning. Lungepakking er vel ikkje så veldig utbredt.