onsdag 18. mars 2009

Oslo Ice Challenge 7-8 mars, 2009

Så var det endeleg klart for Norges første fridykkarkonkurranse og verdas første fridykkarkonkurranse under is. Initiativtakar og leiar for konkurransen Steinar Schjager la ned mykje arbeid i dette prosjektet. Eg blei med som assistent og blei overraska over kor mykje som måtte gjerast. For å nevne eit par ting: oppmåling av tau, snømåking, saging i isen (med håndsag!), frakte utstyr opp til Lutvann, lage diplom, lage t-skjorter, sette opp varmetelt, innlosjering av deltakarar osv, osv. Eg trur at det som gjorde at me anstrengte oss litt ekstra var at det kom så mange dyktige fridykkarar. Det var verdensmesterar og verdensrekordhaldarar til stades. Dei fleste av norges beste fridykkarar var der og.

Me var ikkje spesielt heldige med vèret denne helga, men det gjorde det nesten endå meir spennande og meir ulikt enn andre konkurransar. Sjølve dykkeforholda var bra. God sikt og eit stort fint hòl å dykke i. Den første dagen bestemt eg meg for ikkje å konkurrera, men å delta som sikkerheitsdykkar for dei andre deltakarane. Det var ei stor oppleving å svømme nedover for å møte fridykkaren som var på veg opp igjen.

På søndag skulle eg konkurrere med eit dykk. Det skulle være til 40 meter og med svømmeføtter. Eg dykka med 3mm Elios drakt, monofinne (hyper) frå Triton, naseklype og svømmebriller. I denne konkurransen hadde eg med ein medhjelpar og. Sandra passa på at eg hadde alt utstyret og hjalp meg med fylle svømmebrillene med saltvatn. Deilig å kunne slappe litt meir av! Dykket var stressande på veg nedover, og eg rota litt med utligninga. Men oppstigninga gjekk veldig enkelt. Kanskje det var derfor eg tok det så rolig på veg opp og gjorde den idiotiske feilen at eg holdt i lina på eit punkt. Det blei gult kort og 5 poeng i trekk. Men eg klarte dybden og var fornøyd med det. Dersom eg skulle få ein lærepenge ein eller annan gong, så er eg glad for at det blei i denne konkurransen.

Det var 3 dykkarar som nådde maxdybden på 52meter. Vinnardykket blei på 46m utan svømmeføtter og blei gjort av Franskmannen Guillaume Nerÿ. Andre plass gikk til svenske Christian Ernest og tredje plass til franske Christian Maldame. Seierspallen i massiv Lutvannsis fekk gjort nytte for seg. Av andre norske resultat så kan det nevnes: Steinar Schjager 45m CWT, Thomas Grindevoll 52m CWT (og 30m CWT uten drakt), Elisabeth Kristoffersen 35m CWT.
Ellers var det veldig hyggelig at Sandra og Anette var med heile helga. Dei tok bilder, filma, steikte vafler, baka bollar, klådde på meg og Steinar, delte ut suppe osv. Foreldra og søstra til Steinar hjalp og til med nydelig mat og eit digert varmetelt. Kanskje dette blir ein årleg begivenheit?
Sjekk ut fleire bilder her: http://pa.photoshelter.com/c/felixfeatures/gallery-show?G_ID=G0000Ec2A8DfBADU

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Bjarte,

Jeg vil bare gratulere seg med VM-tittelen. Så det på Nettavisen. Fantastisk. Jeg ante ikke at du holdt på med slike ting. Jeg er rett og slett imponert.

Torgeir Hågøy
torgeir@distinkt.no